Ønskjer verdiskaping lokalt, spelar på kompetansen som allereie finst. Patentet er godkjend, no er det om å gjere å få anlegga ut i havet og sørgje for at Norge tek førarrolla i bølgjekrafteventyret.
– Noreg er ikkje villige til å fase inn nye fornybareenergikjelder, så vi satsar no på den Europeiske marknaden i første omgang, seier dagleg leiar Geir Arne Solheim.
Solheim som i tillegg arbeider i InMedia AS, byrja tidleg å interessere seg for bølgjekraft. Sidan har han evna å skaffe midlar frå både Innovasjon Norge, Forskingsrådet, Fjord Invest Såkorn AS, Inkubator Vest, Måløy vekst og andre. No har han rekruttertde beste ingeniørteamet i bransjen, Karl Christian Strømsem, Bernt Sørby og Øyvind Torvanger.
– Europa vil ha sikker energitilgang og nye arbeidplassar, og dei er villige til å betale mykje for det. Viss bølgjekraftteknologi kan bety noko for klimaet, så er det butikk i det. Tida er moden no, seier Solheim.
Han har no sikra seg patent på den nye eigenutvikla WARE teknologien. Det er ein måte å løfte og skyve bølgjene på.
– Dette er ei spire til ein regionsforandrande teknologi. Det er svært spennande, og mange forskarar og europeiske organisasjonar meiner dette kan vere større enn vindkraft om nokre år. Vi vil nytte oss av den kompetansen som finst lokalt, leggje verdiskapinga her. Det vere seg å byggje og testa anlegga. Vi vil nytte Stadt Towing Tank til utprøving av anlegget, eg reknar med det vert testing allereie i mars, fortel Solheim. Det første fullskala anlegget håpar vi å få ferdig i 2012 til testing, seier Solheim.
Framleis vert Havkraft sett på som ein outsider i Måløy, men blikket er retta utover dei lokale grensene mot Europa og dei store marknadene.
– Ein skulle tru at vi burde få til å lage bølgjekraftverk når vi bur her vi bur, rett ved sida av Stadthavet. I Europa er det behov for fleire arbeidsplassar, og større grøn energitilgang. Målsetjinga er at 1 % av energien skal komme frå Bølgjekraft i Europa innan 2020. Innan 2050, skal 15 % av energitilgangen komme frå bølgjekraft. Ein reknar ca 10 arbeidsplassar på land pr 1 MW offshore, det kan komme til å utgjere 450.000 arbeidsplassar innan 2050. Til samanlikning sysselset vindkraft på verdsbasis kring 160.000 menneske i dag.
Motormagasin Antallet kollektivreiser må dobles til en milliard i året for å unngå trafikkaos i de største byene i Norge. Les meir
Nye kommentarar