Satsar på sentrum

FLORØ: Florø Boligbyggelag har planar om å reise 25 husvære i to bygningar i Firdavegen 2, i samarbeid med Allbygg Florø As. Gamlehuset til tidlegare bakar Nybø skal rivast.
Harald J. Stavang E-post
Publisert 12.03.2003 kl 18:16 Oppdatert 12.03.2003 kl 18:26

Tips ein venn på e-post:

...
Firdavegen 2, rett ved sidan av Florø barneskole.

Førstkomande måndag blir det salsmøte for interesserte i Allbygg si kantine.

– Reglane for bustadbyggelag er slik at vi må ha selt 80 prosent av husværa før vi kan gå i gang med utbygginga, seier dagleg leiar i FBBL, Magnar Nilssen, i ein samtale med Firdaposten.

Dei har utarbeidd ei fin presentasjonsmappe som viser både ytre og indre utforming, forutan kostnader. Husværa varierer mykje både i storleik og utforming. Her er alt frå nøkterne toroms husvære, til seksroms husvære med den flottaste utsikt i loftsetasjen.

Alle husværa, frå dei største til dei minste, får eigen balkong på sørsida i begge bygningane. Inngangen blir på nordsida langs ein svalgang, unnateke første etasje som får direkte inngang.

Alle husværa får såkalla livsløpsstandard, og det inkluderer sjølvsagt heis – frå parkeringasanlegget i kjellaren og til topps. Innskota for vanlege treroms husvære vil variere mellom 630.000 og 825.000 kroner. Billegaste toroms vil ligge i underkant av 400.000 kroner, medan den flottaste seksroms på toppen vil få eit innskot på nærare 1,8 millionar kroner, går det fram av prospektet.

Utandørs blir det hovudsakleg tilsådd plen mellom bygningane, og ein del vil også bli hellelagt. På sørsida skal det byggast ein gangsti ned til friområdet mot Storevatnet, aust for tidlegare Maurtua barnehage. Det er også planen å rydde eit område her og sette opp bord og benker.

– Summen av dette blir eit sentrumsnært og attraktivt bualternativ som vi trur mange vil finne interessant, seier Nilssen

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.