Godkjende blokk i Kanalsvingen

FLORØ: Flora bystyre har mot ni røyster vedteke reguleringa for Kanalsvingen. Det inneber at det kan reisast ei bustadblokk på mjø llageret til tidlegare Florø Sildoljefabrikk.
Harald J. Stavang E-post
Publisert 12.03.2003 kl 16:15 Oppdatert 12.03.2003 kl 16:15

Tips ein venn på e-post:


Det låg føre ei samrøystes tilråding frå hovudutvalet for plan- og miljøsaker (bygningsrådet), men i bystyret var det fleire som reiste tvil om saka.

Økonomisk ansvar?

Åge Larsen (A) var først ute og sa det hadde kome folk til han og spurt om kommunen kunne bli stilt økonomisk ansvarleg.

Til dette svara rådmannen at eikvar utbygging har ein viss risiko ved seg der som det fører til vesentleg verdiredusjon for naboar. Slikt kan ein ikkje vite sikkert på førehand. Det kan berre avklarast ved eit eventuelt søksmål i etterkant.

"Veldig merkeleg"

Tvilen i bystyret gjekk først og fremst på bygningen som etter 1987-reguleringa kan byggast i tre høgder, men som i dei framlagde planane blir fire etasjar høg, og dermed kjem rett i synet på naboane på Nygård.

Sture Thorgaard (Frp) synest det var "veldig merkeleg":

– Er det verkeleg naudsynt å sette opp eit slikt hus i strandlinja? spurde han, og la til: – Det blir naturlegvis ei fenomenal utsikt, men på kostnad av dei som tidlegare har bygt. Eg likar ikkje heile saka, sa han og gjorde framlegg om å sende den attende med oppmoding om at utbyggar kom til semje med naboane, før den vart fremja på nytt for bystyret.

Les fyldig referat i papirutgåva av Firdaposten.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.