– Det blir eit trist farvel med NAV i Florø, samstundes som eg gler meg til å byrje i jobben i Bremanger.
Det seier nestleiar i NAV i Florø, Anita Steinset. Allereie 20. september byrjar ho i ny jobb som NAV-leiar i Bremanger.
– Flora kommune har vore min arbeidsgjevar i vel 14 år. Sjølv om eg kjem til å sakne Florø, så vil den breie erfaringa eg har fått her vere grunnlaget for stillinga i Bremanger, seier Steinset og understrekar at ho gler ho seg til å byrje som NAV-leiar i Bremanger.
– Det er ein jobb eg har ønskt meg, og som eg satsar på å bli i, seier ho og presiserer:
– Eg gler meg til å betre kjend med næringslivet i Bremanger. Eit tett samarbeid mellom NAV og arbeidsmarknaden er faktisk mykje av nøkkelen til å få meir aktivitet, og for å få folk ut i arbeid att, seier Steinset.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar