Området ligg tett opp til turistperla Knutholmen og Kalvåg sentrum.
Bremanger kommune har fått bekymringsmeldingar frå folk som reagerer på at Kalvøya blir brukt som uoffisiell søppelfylling.
Ifølgje informasjonen som er sendt kommunen i brevs form, skal det over tid ha utvikla seg ein «uoffisiell» søppelplass på industriområdet, som også er tiltenkt som framtidig lokalitet for ny fiskerihamn for Kalvåg.
I tillegg til funn av vanleg avfall, skal det også ha blitt dumpa gjenstandar og materialar som sorterer under kategorien spesialavfall.
Det aktuelle dumpingområdet ligg heilt ned mot sjøen sør på Kalvøya, og er ope og tilgjengeleg for ålmenta.
Bremangerordførar Kåre Olav Svarstad er orientert om saka.
- Eg har sjølv tenkt meg ut på ei synfaring i området med det aller første. Det er kommunen som må ta tak i saka, vi er forureiningsmynde og det som skjer her, er klart ulovleg, seier Svarstad til Firdaposten.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar