Ole Stenbakk er glad og positivt overraska over støtta til Haiti-prosjektet.
I midten av november sender Stenbakk den første konteinaren til Haiti med materiell til skulebygginga. Og i januar set han kursen for det kriseråka landet for å starte på jobben.
– Nyleg var eg inne på eit lokalt trelastlager og spurde om det var noko dei kunne avsjå til byggeprosjektet. Då seier mannen der at eg berre kunne gå bak på lageret og sjå på ein palle i ei krå der.
Viss det var greitt nok, så kunne eg berre ta den. Det viste seg å vere eit heilt tonn med sekstoms spiker! humrar Stenbakk.
Då temaet maling kom på bana, så viste det seg at han hadde ein palle med 500 liter kvitmaling. Den kunne prosjektet få.
Stenbakk reknar det som sikkert at prosjektet er i mål med materiell og pengar i tide.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar