Heile 30 prosent av innbyggarane i Flora har eit ønskje om å flytte til sentrum i løpet av dei neste ti åra.
Dette kjem fram i ei spørjeundersøking om intern flytting i Flora som meiningsmålingsbyrået Perduco gjennomførde i juni på oppdrag frå prosjektleiar Rolf Bjarne Sund.
400 personar frå ulike aldersgrupper og likt fordelte på kjønn vart spurde.
– For oss er det viktig å finne ut kven som kan tenkje seg å flytte til sentrum, og kva som skal til for at dei realiserer dette, seier Rolf Bjarne Sund, prosjektleiar for arbeidet med den nye kommuneplanen.
– At så mange som tretti prosent kan tenkje seg å flytte til meir sentrale delar av Flora, er av dei mest spennande funna i undersøkinga om flytteønske internt i kommunen.
Dette er noko vi må ta omsyn til når vi skal lage den nye kommuneplanen, seier Sund.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar