Furesundet handelstad brann ned

I natt var det brann i Furesundet handelstad. Den vakre hovudbygningen var frå 1700-talet.

Arve Olav Solbakken
Arve Solbakken Profil E-post
David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 09.09.2010 kl 08:42 Oppdatert 09.09.2010 kl 12:28

Tips ein venn på e-post:

...
Furesundet Handelstad er no øydelagt.

BILDE: Brann på Furesund Handelstad

...

Den gamle hovudbygningen i Furesundet vest av Gunhildvågen i Florø brann ned til grunnen natt til 9- spte,ber.

SJÅ BILDA HER

FURESUNDET

  • Furesundet ved Florø og Hellevik ved Stavang og Kinnasundet i ytre lei var frå gamalt av dei viktigaste trafikknutepunkta i Flora kommune.
  • I Furesundet og Hellevik har det vore skysskifte og gjestgiveri frå 1600-talet. Skysskaffarane i Furesundet og Hellevik hadde plikt på seg til å skaffe rorskarar når embetsfolk skulle skyssast langs kysten eller innover Sunnfjord. Dei næraste skysskifta var Smørhamn i nord, Sauesund på Atløy og Tingneset i Vevring.
  • I Furesundet overnatta kong Christian VI under norgesreisa si i 1733. Gjennom mykje av 1700- og 1800-talet var det handelsmenn frå Bergen som åtte Furesundet. Frå 1847 til 1891 dreiv kjøpmann H.M. Dahl i Furesundet, og avvikla då brennevinshandelen. Dahl vart siste handelsmann i Furesundet. Då dei første dampskipsrutene med post tok til å trafikkere Bergen-Trondheim, vart skipa ekspederte ved Furesundet ved bording frå robåt. H.M. Dahl vart siste handelsmannen ved Furesundet. Våningshus, eldhus og fleire sjøbuer frå 1700-talet stod intakte i Furesundet fram til september 2010. Då brann våningshuset og eldhuset ned til grunnen. (Kjelde: NRK Sogn og Fjordane sitt kulturleksikon.

- Ein leitar etter ord i slike samanhengar. Ein vert sett ut, blir oppgitt og innser at det ikkje er noko ein kan gjere, seier eigar Oddvar Færøyvik til NRK.

Han fekk melding klokka 5 om at hovudhuset stod i brann.

Han kom til staden like etter at han fekk telefonen om brannen, men måtte stå hjelpelaus og sjå at flammane åt opp huset. Brannvesenet konsentrerte seg om berge ei sjøbu ved sidan av, men hovudhuset var ikkje til å berge.

Brannvesenet rykte ut klokka 04.55, men då dei kom fram var hovudhuset allereie overtent og delvis rast saman.

– Vi prioriterte difor å begrense spreiinga til naust og vegetasjonen rundt. Likevel greidde brannen å spreie seg til eit lite uthus attmed hovudhuset.

Det seier Trygve Andersen, vakthavande befal ved Flora brannvesen til Firdaposten.

Dronning Sonja var nyleg på besøk i jubileumsbyen og nettopp Furesundet Handelsstad var ein bygning og eit område ho oppmoda særkilt om at ein måtte ta vare på.

Då vi kom til brannstaden torsdag føremiddag var politiet på plass for å sikre at folk ikkje gjekk inn i branntomta.

- Branntekniske undersøkingar startar først når tomta er utbrent, seier politibetjent Kåre Toreid.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.