...
Foto: David E. Antonsen

Slik svara kommunen

Jacob Nødseth sin interpellasjon med 13 spørsmål vart handsama under bystyremøtet i Allhuset i Eikefjord tysdag kveld. Slik svara kommuneadministrasjonen.

David E. Antonsen E-post
Publisert 08.09.2010 kl 13:25 Oppdatert 08.09.2010 kl 13:26

Tips ein venn på e-post:


INTERPELLASJON TIL Flora bystyre sitt møte 7.sept.2010

Interpellasjon frå repr. Jacob Nødseth (H) til Flora bystyre sitt møte 7 september 2010.

Generelt svar:

Omsorgstenestene vert i Flora kommune - som i alle kommunar - styrt av lover og reglar i høve kva for grunnleggjande tilbod innbyggjarane skal få. Fylkesmannen/Helsetilsynet er tilsynsinstans for å sjå til at tilbodet er på plass i alle kommunar, og er klageinstans for innbyggjarar i einskildsaker.

Kvaliteten og kvantiteten på tilbodet utover grunnleggjande tilbod vil mellom anna vere avhengig av korleis den einskilde kommune prioriterar og kva for økonomi som er tilgjengeleg for å få ynskjeleg standard .

Prioriteringar i høve kvalitet og kvantitet i Flora kommune vert gjort kvart år i samband med budsjett/økonomiplan og plandokument som Omsorgsplan 2010-15, som vart vedteke i juni 2010.

Når det gjeld tilgang til omsorgstenester har Flora bystyre vedteke Prinsipp og Kriterium for tildeling av omsorgstenester i 2008. Desse byggjer blant anna på Kvalitetsforskrifta for pleie- og omsorgstenester, som i grove trekk omhandlar kva naudsynte og forsvarlege omsorgstenester er. Ved tildeling av omsorgstenester i Flora kommune vert vedtekne prinsipp og kriterium lagt til grunn.

Vidare utvikling av omsorgstenestene vil skje med grunnlag i vedtaka i Omsorgsplanen og årlege budsjettløyvingar.

I 2010 er følgjande utviklingstiltak iverksatt:

  • Betre styring av ressursar og tenestekvalitet ved omorganisering av tenesta frå 4 tenester til 1 teneste (våren 2010)
  • Demensteam er etablert (sommar 2010)
  • Arbeid med etablering av rehabiliteringsteam er starta opp (sommaren 2010)
  • Utviding av avlastningstilbod til familiar med funksjonshemma barn (vår/haust 2010)

Svar på spesifike spørsmål:

1. Lov og rettspraksis set opp ein minstestandard for hjelp som ein kvar har rett på uavhengig av kommunen sin økonomiske posisjon, Kan ordførar og rådmann stadfeste at ein er klar over at dette er gjeldande rett?

Svar:

Flora kommune som alle andre kommunar, må følgje gjeldande lover i høve innbyggarane sin rett til omsorgstenester. Retten til å få tenester skal vere uavhengig av økonomi når ein er i ein situasjon som etter lova utløysar denne tenesta.

Tenestetype, mengde tenesteyting og kvalitet på tilbodet vil til ei viss grad vere avhengig av kommunal prioritering, og økonomiske resursar tilført tenesteområdet.

Omsorgsplan 2010-2015, er det dokumentet som omhandlar prioriteringar for Flora kommune sine omsorgstenester.

2.Etter mine begrep er det brot på den nemnde gjeldande rett at eldre ikkje skal få gå på do når dei må, dusje regelmessig og i det heile stå opp om morgonen. Er rådmann/ordførar samd i dette? Er det korrekt at det kan gå opptil 14 dagar mellom kvar gong eldre får dusje/vaske håret etc.?

Svar:

Det er faste planer på at brukarane skal få dusje kva 14. dag, nokre kvar veke. Men i tilegg får dei dusje ved behov, og dersom dei ynskjer det. Mange eldre ynskjer ikkje å dusje ofte, fordi dei ikkje er vant med dette. Men dei får ofte i staden heil kroppsvask. Dette er ikkje noko som er nytt no, slik har det vore i mange år.

Når det gjeld toalettbesøk, så får brukarane gå på toalettet når dei har behov. Sjølvsagt må dei vente eit par minuttar dersom pleiarane er opptatt med ein anna brukar.

3. Dersom administrasjonen er samd i at den einskilde har rettskrav på slike grunnleggjande tenester, korleis skal administrasjonen då sørgje for at dette kravet vert ein praktisk realitet for den einskilde?

Svar:

Kvar einskild tilsett som arbeider nært brukaren, har eit ansvar for at brukaren får det han har krav på. Dersom det er noko som brukaren ikkje får som han har krav på, må den tilsette skrive avvik, og leiarane på avdelinga må gjere noko med det, eventuelt ta saka vidare til administrasjonen.

4. Blir den nemnte gjeldande rett etterlevd slik at det er den enkelte sitt rettskrav som er førande, eller er det økonomien og ”balansen” som er det viktige for tildeling av hjelp?

Svar:

Det er den einskilde sitt behov for tenester som vert vurdert og er utslagsgivande for tildeling av tenester. Kor mykje hjelp den einskilde får vil blant anna vere avhengig av meistringsevne, pårøranderessurs, m.m.

Omsorgsetenesta har klare økonomiske rammer å holde seg innafor. Men vi vurderer heile tida bemanningsplana og tal tilsette på jobb, slik at det ikkje skal gå ut over kva som er forsvarleg.

5. Korleis vurderer rådmannen/ordføraren påstandane som vert presentert frå verneombod Oddveig Brendø i Firdaposten og no også momenta som pårørande tek opp i sitt skriv av 23 august?

Svar:

Påstandane frå pårørande og verneombod tek ein alvorleg. I den nye turnusen for Flora omsorgssenter er det lagt opp til ein turnus med reduksjon i tal tilsette på einskilde vakter. På desse vaktene vil tilboda bli noko redusert i høve til i dag. Det er imidlertid ein stor forskjell mellom eit noko redusert tilbod og eit uforsvarleg tilbod.

Den nye turnusen har lagt opp til ei utjamning og fordeling av resursane, mellom institusjonane. Dette er ein lekk i å utjamne pleiefaktoren mellom Furuhaugane omsorgsenter og Flora omsorgsenter, med utgangspunkt i norm vedteken i Omsorgsplan 2010-15. Furuhaugane omsorgsenter går då litt opp i bemanning og Flora omsorgsenter litt ned.

Endringa i turnus er eit verkemiddel for å redusere driftskostnadane, og halde den økonomiske ramma for drift av Flora omsorgsenter, slik bystyret har vedteke.

Omsorgstenesta treng meir tid på utarbeiding av den nye turnusen på Flora Omsorgsenter, derfor vil vi utsette oppstart til 01.01.2010. Men sjølv om den nye turnusen ikkje vert sett i verk enda, vil vi gjennom målretta styring av den daglege drifta, tilstrebe same effekt som ein ny turnus ville hatt med omsyn til økonomisk gevinst. Dette vert gjort gjennom stram styring av vikarbruk.

6. Korleis legg Flora kommune til rette for individuell tilpassa omsorg/aktivisering for den einskilde brukar?

Svar:

Flora kommune har dag tilbod for heimebuande brukarar på Flora omsorgssenter, Miljøhuset og Allhuset i Eikefjord.

Kvar brukar har sin primærkontakt som har eit spesielt oppfølgingsansvar for ”sin” pasient. Kvar brukar har også si plan i CosDoc (pleieplan), der ein tek omsyn til at omsorga skal tilpassast den einskilde sine føresetnader. Den bygger på opplysningar frå pårørande og brukaren sjølv.

Når det gjeld aktivisering så er dei fleste brukarane så sjuke at den aktiviseringa som dei treng får dei gjennom den daglege omsorga, og gjennom stell og pleie. Dei kan i tilegg ha glede av musikk og song, og av å bli trilla ein tur. Her er det ofte frivillige og pårørande som hjelp til.

Både Furuhaugane og Omsorgssenteret har ulike aktivitetar i løpet av veka, der ein også individualiserer og tilpasser det til den enkelte.

Brukarundersøkinga frå 2008 synte blant anna at høve til aktivisering og sosial kontakt var noko brukarane og pårørande meinte burde forbetrast. Dette har ein teke omsyn til i Omsorgsplanen 2010-15, der ein mellom anna går inn for å utvikle 2 bu- og aktivitetsentra:

Florø bu- og aktivitetssenter og Eikefjord bu- og aktivitetssenter. Desse sentra skal i tillegg til buttilbod ha dag tilbod og aktivitetstilbod. Sak om oppstart av planarbeid for Florø bu- og aktivitetssenter vert lagt fram for Helse- og sosialutvalet i møte 14 september 2010.

7. Det er blitt sagt i HSU at Flora kommune aktivt kommuniserer til brukarar/pårørande dei rettar dei har på tilbod frå kommunen og kva som ligg i dei ulike diagnosar slik at den enkelte brukar og deira pårørande lettare kan forholde seg til sjukdomen/sjukdommane. Pårørande seier at dette ikkje stemmer. Eg ber difor om at det vert klargjort for bystyret kva som stemmer.

Svar:

Kontakta med omsorgstenesta startar som regel med ein søknad om hjelpetiltak. Vi har ei nettside som ein finn ved å gå inn på Flora kommune sine sider. Der ligg ulike tenestetilbod til ulike brukargruppe. For å kunne handsame ein søknad føretek omsorgstenesta heimebesøk for å kartlegge brukaren sin situasjon, og orientere brukaren om rettar og moglegheiter.

Når det gjeld dei ulike diagnosane er det sjukeheimslegen som stiller desse. For heimebuande er det fastlegen. Når vi saksbehandlar ein søknad vert ei tildeling av teneste vurdert ut frå diagnose og hjelpebehov. Etter at ein søknad har fått eventuelt positivt utfall, vil brukaren ha jamleg kontakt med omsorgstenesta sine tilsette, og få orientering om blant anna sjukdom og diagnosar.

8. Er det rett at brukarar som har fått tildelt vedtak om støttekontakt/assistent mistar heile eller store delar av dette tilbodet etter at brukaren får institusjonsplass?

Svar:

Praksis er at når ein brukar får opphald i heildøgninstitusjon så går tenester som vert ytt til heimebuande ut. Det er likevel i nokre tilfeller innvilga tiltak som støttekontakt og etter at ein person er innlagt i heildøgnsinstitusjon.

9. Kva har skjedd etter at underteikna sendte inn interpellasjon for to år sidan om situasjonen for yngre demente? Kva er status for demensteamet?

Svar:

Tilbodet til yngre demente som einskildpersonar har vorte handsama i kommunen si tildelingsnemnd for omsorgstenester med grunnlag i tildelingskriterium vedteke av Flora bystyre. Som gruppe har yngre demente vore tema i arbeidet med ny omsorgsplan i 2009, utan at det er vedteke spesifikke tiltak retta direkte mot denne gruppa. I vidare utvikling av dagtilbodsplassar, omsorgsbustader med bemanning og institusjonsplassar vil det bli teke omsyn til dei særskilte behova for denne gruppa.

Demensteamet er oppstarta. Det er eit samarbeid mellom Helse og Pleie-og omsorg. Det består av tre medlemmer, med leiar Randi Solheim ( sjukepleiar , med vidareutdanning i psykiatri), Astrid Berge (ergoterapeut) og Berit R.A. Håøy (sjukepleiar m. vidareutdanning i psykiatri). Medisinsk rådgjevar for teamet er Dr. Helge Sårheim. I oppstartfasen har vi hatt hjelp frå Førde sitt demensteam, vi bruker kompetanse frå Sjukepleiarhøgskulen i Førde, og medlemmane har vore på kurs og konferanse for Demensteam.

Teamet skal ha ulike oppgåver:

  • kursing av pårørande og tilsette
  • Vere rådgjevarar, og legge til rette for at demente kan vere i sin eigen heim lengst mogleg
  • Hjelp til tidleg intervensjon ved mistanke om begynnande demens der brukaren bur heime
  • Vere ein resurs for tilsette på institusjon og i heimeteneste

10. Kva gjer Flora kommune for at brukarar får tilrettelagt omsorg og aktivitetstilbod snarare enn at omsorga avgrensar seg til ”oppbevaring”?

Svar:

Som tidlegare sagt så er dei fleste av brukarane så sjuke at den aktiviseringa dei treng får dei gjennom det daglege stellet. Då er ein tilstades for dei og har 1 til 1 kontakt. For dei brukarane som er friske nok til det har institusjonane ulike aktivitetstilbod.

Ved Furuhaugane har ein til dømes:

  • arbeidsstove frå 8-12.30,
  • frukost /middagsgrupper
  • høgtlesing frå dagens aviser
  • handarbeid for dei som klarer det
  • presten kjem og talar
  • Røde Kors besøksteneste
  • skular og barnehage kjem med song og underholdning
  • bingo

Omsorgstenesta i samarbeid med Helse er også i gang med å opprette eit rehabiliteringsteam. 2 av medlemmane er klare: Therese Hanebrekke ( tilsett i fysioterapistilling ved Furuhaugane kortidsavdeling), Evy Aasheim (ergoterapeut) og det siste medlemmet skal vere ein sjukepleiar som er tilsett ved kortidsavdelingen ved Furuhaugen. Dette teamet skal sjølvsagt vere mykje konsentrert om brukarar som er inne på vurderings- eller rehabiliteringsopphald. Men også vere ein resurs for heimebuande brukarar som treng rehabilitering etter eit sjukehusopphald. Dei skal også undervise og rettleie både, tilsette og pårørande som har behov for dette i samband med aktivisering og rehabilitering av brukarar.

11. Har Flora kommune tilstrekkeleg kompetanse og bemanning til å gje terminal sjuke og eldre ei verdig avslutning på livet i livets siste dagar?

Svar:

Sjukepleiarane har absolutt kompetanse til å gje dei terminal sjuke ei verdig avslutning på livet. Ved Furuhaugane har ein ei intern prosedyreplan som vert sett i verk når ein har døyande pasientar. Kvar brukar har ei primærkontakt som har eit hovudansvar for pasienten, slik at pårørande veit kven dei kan forholda seg til.

Det er på Furuhaugane korttidsavdeling eit akuttrom som også er tenkt brukt til brukarar som treng palliativ omsorg ved livets slutt. Denne rommet har ein fleksibel resurs (0,78) som er på toppen av den andre bemanninga slik at ein leiger inn ekstra vakt når det er behov for det.

Avdelingsleiarane på Furuhaugane har 1 års vidareutdanning i palliativ omsorg. I tilegg jobbar ein tett i lag med legen ved slike høve. Ved dei andre avdelingane leiger ein også inn ekstravakter når ein har kritisk og terminal sjuke pasientar. I tilegg har vi i omsorgstenesta 5 sjukepleiarar som skal ta til på vidareutdanning i sjukepleie til” akutt og kritisk sjuke.”

Omsorgstenesta planlegg også å starte opp eit palliativt team. Dette er no i planleggingsfasen, og vert starta opp seinare på hausten eller tidleg neste år, alt etter kor raskt vi klarer å få det rehabiliterande teamet klart.

12. Kva gjer Flora kommune for å nytte dei pårørande og dei tilsette si verkelegheits-oppfatning av tenesta til å gjere denne betre?

Svar:

Flora kommune meiner at pårørande er ein stor ressurs og at god dialog er viktig. Dette har ein teke på alvor ved å blant anna gjennomføre pårørandeundersøkingar i 2007 og 2008 og bruke resultata som grunnlag for vidare utvikling av omsorgstenestene i Omsorgsplan 2010-15. Slike pårørandeundersøkingar vil ein og gjennomføre etter at ny organisasjon har fått sett seg.

Avdelingsleiarane ved institusjonane oppfordrar også dei pårørande til å melde frå dersom det er noko dei ynskjer, og så langt det er mogleg vert det teke omsyn til dette. Ved omsorgssenteret er det ei pårørandegruppe som vi nok kan verte flinkare til å kommunisere med. Vi vil i løpet av september kalle dei inn til eit møte, der vi blant anna vil informere /drøfte bemanninga ved omsorgssenteret. Ved Furuhaugane var det mange dødsfall i fjor, av den grunn vart pårørandegruppa der oppløyst. Dei skal no til å lage ei ny pårørandegruppe.

Vi skal også i gang med å opprette pårørandegrupper, der dei pårørande vert ein resurs for både brukarar og tilsette. Dette er etter ein modell frå Ringebu kommune. I løpet av hausten vil kulturkonsulent Øyvind Myrsveen komme til Florø med tilbod om opplæring for tilsette og pårørande for å få i stand slike pårørandegrupper ved institusjonane i Flora kommune.

Vi tilstreber elles ein tett kommunikasjon med dei tilsette, spesielt gjennom deira representantar, (dei tillitsvalte) og gjennom den einskilde avdelingsleiar. Vi har blant anna faste vekevise møter med dei tillitsvalte, og faste møter med avdelingsleiarane, der problemstillingar frå drift vert drøfta og løyst.

13. Korleis vil nedbemanninga som dei pårørande omtalar påverke tryggleiken for brukarane, spesielt m.t.p branntryggleiken?

Svar :

Furuhaugane har inga reduksjon i bemanninga, dei har ein liten auke. Den reduksjonen som Flora omsorgsenter får skal ikkje påverke tryggleiken til brukarane. Dei tilsette er trena på branntryggleik gjennom faste øvingar. Ein har brannøving x 2 pr. år, med gjennomgang av teori, branntavle, påvising av brannfølarar, og trening på brannsluking. Uansett bemanning må ein tilkalle ekstern hjelp dersom det tek til å brenne, for å evakuere brukarane til brannsikre soner.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Snipp, snapp, snute...

Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.