Bondelagsleiar i Flora, Anne-Berit Espeseth, tar til orde for å redusere hjortestammen, etter påvisning av hjernemark i sau. NOAH reagerer på sauebøndene sitt krav om å fjerne naturleg dyreliv, for å tilrettelegge for eiga næring.
- Sauenæringa har eit enormt etisk problem, og aukande kritikk vert retta mot driftsformene, som medfører at mellom 110.000 og 130.000 sauer og lam døyr på beite kvart år. Berre i underkant av 3000 av desse kan dokumenterast å vere drepne av rovdyr, påpeikar Jenny Rolness i NOAH.
Likevel har sauenæringa fokusert på dette mindretalet, og krevd ei nådelaus nedskyting av utryddingstrua artar. Når dei no vender seg mot hjorten og vil ha auka avskyting for å redusere enda ein risiko forbunde med utmarksbeite, så må ein reagere, meiner Rolness.
- Sauenæringa bør i staden ta fatt i dei verkeleg store tapsårsakene for sau på beite, som flått, fluemark, alveld, mastitt, skader og ulykker, påpeikar Rolness.
NOAH meiner at sauebønder som slepp dyra sine ut i naturen utan fast tilsyn, utset dyra for store lidingar, lidingar som sauebøndene sjølve har ansvaret for.
- Det nyttar ikkje å kritisere samfunnet for at sau vert drept av rovdyr eller vert angripe av parasittar som finst i naturen, så lenge sauebøndene vel å sleppe hjelpelause dyr ut i ein farefull natur, seier Rolness.
Ho peikar på at også andre grupper og interesser i samfunnet bør bli høyrd. Fire av fem nordmenn vil ha ulv, ifølgje ein TNS gallup frå 2007, og mange set også pris på innslaget av naturleg dyreliv, som hjort, i bynære strok.
Sauenæringa bør konsentrere seg om tiltak som dei sjølve kan gjere for å verne eigne dyr mot lidingar og død på utmarksbeite, framfor å krevje at naturen vert tilrettelagt for dei - på bekostning av dei ville dyrene og andre menneskers interesser.
Motormagasin Ordfører Kjell Joar Petersen-Øverleir er rystet over beskyldningene om at lokalpolitikere som sier nei til bompenger, setter liv og helse i fare. Les meir
Nye kommentarar