Laurdag markerte Flora Turlag "Kom deg ut dagen" med tur til Lassenipa.
41 turglade gjekk opp frå brua over Budalselva i Sunndalen, inst i Norddalsfjorden, opplyser turleiar Signe Nordvik.
Første del av turen gjekk opp til Rastene, der det var matpause. Her fortalde Oddvar Sundal kva turfolket kunne sjå rundt seg.
- Så gjekk turen vidare til Lassenipa, der vi gjekk opp til toppen frå sørsida. Frå Lassenipa hadde vi ei fantastisk flott og luftig utsikt til Snønipa i aust, Bleja i sør, Reksta og Florø i vest og Saga i nord, seier Nordvik.
Anne- Mari Sundal Bøe og Dag Atle Bøe var gode vegvisarar på ein opplevingsrik tur.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar