I dag starta 25 lærarstudentar utdanninga si i Florø.
Studieleiar Kjell Bergfjord hadde i dag sitt første møte med studentane som skal starte høgskuleutdanninga si i Florø.
Dette er dei første studentane som startar studium etter den nye studieplanen. Og dei skal samlast i Florø dei neste fem åra.
– I og med at Florø feirar 150 års jubileum i år synest vi det var ein fin gest frå vår side å legge den desentraliserte lærarutdanning hit, seier Bergfjord.
Han er nemleg tydeleg på at Høgskulen i Sogn og Fjordane er meir enn berre Sogndal.
– Vi ønskjer å komme ut der studentane bur. Vi sa til Florø at vi skulle komme hit om dei klarte å vise til 20 studentar. Det har dei no, seier Bergfjord.
Dette desentraliserte tilbodet går over fem år og svarar til den ordinære lærarutdanninga fullt ut.
Av dei 25 studentane er det flest studentar ifrå Florø. Deretter er det Førde, Askvoll, Jølster og Gaular studentane kjem ifrå.
Motormagasin Den omstridte miljøfartsgrensen i Oslo på hverdager er lovlig, men hvordan overtredelser skal straffes, er fortsatt en gåte. Les meir
Nye kommentarar