...
SKISSE: Slik ser Sunnfjord 2020 føre seg at ein kulturhage i Trovikkvartalet kan bli sjåande ut. Men trovikkvartalet er berre den mest aktuelle av tre alternativ. Dei to andre er Meieritomta og på Samfunnshuset. Illustrasjon: Kinn Arkitekter.

Slik kan den nye kulturhagen bli

I morgon skal Sunnfjord 2020 leggje fram sluttrapporten om ny kulturhage i Florø.

Publisert 06.09.2010 kl 19:39 Oppdatert 06.09.2010 kl 19:39

Tips ein venn på e-post:

Kulturhagen:

  • I oktober 2009 fremja Sunnfjord 2020 forslag om ein kulturhage i Florø.
  • Interessa og engasjementet for forslaget har vore stor blant lokale, kulturrelaterte aktørar. På det første orienteringsmøtet dukka 40 aktørar opp.
  • No skal bystyret innan tidsfristen 15. november vurdere om prosjektet er mogleg å gjennomføre.

Rapporten avklarer om det finst eit mogleg marknads- og aktørgrunnlag, og alternative plasseringsløysingar.

Og konklusjonen i sluttrapporten er enkelt og grei: Dette let seg så absolutt gjere. Men utfordrande blir det.

Let ser realisere

– Konklusjonen vår er at det finst eit marknadsgrunnlag for å realisere kulturhagen. Etter orienteringa til bystyret tysdag leverer vi frå oss ei innstilling med forslag om korleis arbeidet med kulturhagen bør vidareførast. Spørsmålet politikarane må stille seg då er korleis vi skal dra dette vidare.

Det seier prosjektleiar Stein Kvalsund i Sunnfjord 2020.

Han og arbeidsgruppa bak rapporten har intervjua 27 kulturrelaterte aktørar, for å finne ut om det er marknad for ein kulturhage i Florø. Svara er utelukkande positive.

I tilbakemeldingane dei har fått ligg det fleire ønske: Kulturhagen må ha eit areal på kring 3000 kvadratmeter og liggje i sentrum av Florø. Dei ønskjer også ei felles kantineløysing, og at det er lagt til rette for utstillingar. Desse ønska har vore bakgrunnen for arbeidsgruppa si vidare utgreiing.

Trovikkvartalet best eigna

Men fleire utfordringar har dukka opp undervegs i det vidare arbeidet med prosjektet.

Slik arbeidsgruppa ser det, så er det totalverna Trovikkvartalet den best eigna plasseringa for ein framtidig kulturhage, i høve behova til kulturaktørane. Ein kulturhage i Trovikkvartalet kan også revitalisere ytre Strandgata. Utfordringa blir å balansere krava om tenlege lokale med krav om vern av gammal bygningsmasse.

– Vi må avklare med vernemyndigheitene kva ein får lov til å gjere i området og kva ein ikkje får lov til. Det er difor viktig at vi fremjar saka for bystyret og forvaltningsstyresmaktene. Men vi trur kulturhagen kan vere med å revitalisere heile området, seier Stein Kvalsund.

Utfordrande finansiering

Kjernen i utforminga av Trovik-alternativet blir å introdusere meir «luft» i bygningsmassen. Ved å flytte ut Trovikbua fem meter, får ein bygd ein større bakgård med glastak. Dette skal bli fellesrommet i kulturhagen. På kainivå skal det vere små butikkar, bakeri eller salsbuer. I dei meir lukka romma skal det vere kontor- eller studiofasiliteter.

Men dette kostar. Det er den andre store utfordringa. Arbeidsgruppa har rekna bygningsarbeidet åleine til å koste mellom 64 og 96 millionar kroner. Kor pengane skal komme frå, skal handsamast i neste fase av prosjektet.

– Vidareføringa av arbeidet vårt må ta føre seg finansieringa og avklaringa på korleis eigedomsselskapet skal organiserast. Når det gjeld det driftsmessige, har vi nok til å byggje vidare på det. Vi har 27 aktørar som har meldt si interesse. Men i den neste fasen skal vi ha bindande avtalar med aktuelle aktørar, seier Kvalsund.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Snipp, snapp, snute...

Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.