Fiskaren, småbrukaren, trubaduren. avisskribenten og forfattaren har lagt pennen ned og årane inn for godt.
Han døydde laurdag ettermiddag, så å seie i kona sine armar. Det var hjarta som ikkje ville meir.
Malvin Toft var fødd og oppvaksen på Skorpa, og her budde han til sin siste dag.
Han voks opp på eit fiskarbruk, og var etla til fiskar, noko han også vart, til han måtte gje seg p.g.a. hjarteplager då han var i slutten av 40-åra.
I ungdommen fekk han med seg dei eventyrlege sildeåra på 1950-talet, fisket på Island og Grønland med nestenforlis der dei stoppa lekkasjar med det som var for handla, bl.a. ullteppe frå køya.
Ut av dette kom det med tida seks bøker.
Men han skreiv ikkje om seg sjølv. Det var andre sine lagnader på kysten og på havet i krig og fred som var tema.
Han var sjølvlærd i alt. Skulegonga var den vanlege; folkeskulen, og i tillegg kystskippereksamen. Men han hadde det viktigaste; førstehandskunnskapen, innlevingsevna og sansen for å formidle.
Språket var som eit målarskrin og stod til kystkulturen som sild til poteter. Det var ekte vare.
Firdaposten har hatt stor glede og nytte av Malvin Toft. Han starta med å skrive meldingar om stort og smått.
Etter kvart vart det lengre artiklar om gamle båtar, forlis og krigslagnader, og desse danna grunnlaget for den første boka hans som kom ut i 2002. Då var han blitt forfattar på heiltid.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar