Årsverste i 1. omgang, men ein langt betre andreomgang for Florø
Vik- Florø 1–0 (1-0)
- 2. omgangen eigde vi, men vi greidde ikkje å score. Det plagar oss litt for tida, oppsummerer Florø-trenar Terje Rognsø.
Bittert
Derfor var det også litt bittert ikkje å kunne ta med minst eitt poeng heim til Florø. Hadde FSK vunne kampen ville dei ha skaffa seg ein solid avstand nedover og trygga posisjonen mellom dei seks som held plassen i divisjonen. Neste kamp er fredag heime på Florø stadion mot topplaget Årdal:
- Då må vi heve oss fleire hakk seier trenaren. Til då får dei FSK klar att, keeper Tommy Løkkebø og midtbanespelar Lasse Orheim Pedersen.
Karantene
Dei var begge ute med karantene, noko som opna for at Knut Magnus Kvammen fekk sjansen til å debutere på keeperplass og Biyam frå Etiopia fekk også spele sin første kamp. Med dei to har heile 33 ulike spelarar fått sjansen i kamp for Sportsklubben i år.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar