Både i Svelgen og i Selje måtte politiet ta alkotestar.
– Ein sjark gjekk på grunn ved Leirviknes i Svelgen ved midnatt. Svelgen Politipatrulje rykte ut etter å ha motteke melding om båten hadde. Hovudredningssentralen vart varsla og sende båtressursar til staden. Båten vart trekt av grunn og slept inn mot Dyrstad. Det synte seg å vere ein liten lekkasje om bord i sjarken. Alkotekst av båtføraren som var i 40 åra, synte at han var rusa. Mannen vart derfor framstilt for blodprøve. Han kan vente seg at saka går vidare.
Litt seinare natt til laurdag, litt over halv tre, gjekk ein mann i 30 åra på eit skjer med fritidsbåt ved Leikanger i Selje. Etter mykje strev greidde han å få båten av skjeret med eiga hjelp og kom seg inn i båthamna. Men historia var ikkje over. Politiet tok han med og framstilte han for blodprøve. Han var mistenkt for å ha køyrt båt i rusa tilstand.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar