Bremanger kommune har ikkje lov til å organisere tidlegare Årebrot skule som ei avdeling under Svelgen oppvekst.
I eit brev til Bremanger kommune meiner Fylkesmannen at organiseringa difor må opp til politisk handsaming.
Kravet er at kommunen opprettar to skular, då underavdelingar ikkje er i tråd med regelverket.
Fylkesmannen peikar også på dette med felles rektor for skulane på Årebrot og i Svelgen.
Etter 2003 er det nemleg tillate for skular å ha same rektor, men berre så lenge det er mogleg for rektor å halde seg fortruleg med den daglege verksemda.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar