Narvesen i Florø er ei av verksemdene som ved enkle grep strekkjer ei hand til kundegruppa som sit i rullestol.
I snart eitt år har den stått der, ringeklokka som gjer at rørslehemma i rullestol kan kalle på hjelp frå beteninga på Narvesen.
– Men det er ikkje så mange som bruker den. Det trur eg har å gjere med at få veit om den, seier Leni Kurtzhals.
Ho har teke over stillinga som dagleg leiar på Narvesen. Men det var den førre leiaren som tok initiativet til å skaffe ringeklokka. Og den tilhøyrande rampa.
Tiltaket er noko som set eit smil i andletet til Herdis Seim i partiet Demokratisk Solidaritet.
– Det er så absolutt i Demokratisk Solidaritet si ande at ein tek enkle og gode grep som gjer at dei som er ekskludert kan handle som alle oss andre. Spesielt gledeleg er det fordi dette er den største kommisæren for tipping og rikstotto, og fordi dei har veldig stort utval i lesestoff, seier ho.
Men framleis er det mange stader i Florø sentrum som er vanskeleg tilgjengeleg for rullestol, eller for den saks skuld barnevogn og rullator.
– Fleire kan bli betre, konstaterer Seim.
For 1. januar i fjor trådte den nye diskriminerings- og tilgjengeleglova i kraft. Lova forbyr diskriminering av personar med nedsett funksjonsevne og krev at alle offentlege tilbod, som butikkar, må leggje til rette tilkomsten.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar