Flora kommune ytra ønskje om at eit toalett på Kystmuseet måtte vere presentabelt til dronning Sonja sitt besøk nyleg. Museet pussa det opp - no er partane usamde om kven som skal ta rekninga.
- Sjølvsagt, når vi skulle ha ei Dronning på besøk så ønskte vi jo å få betre fasilitetar enn det vi hadde, seier museumsdirektør Berit Høyvik til NRK.
Det var etter innspel frå Flora kommune at Kystmuseet ordna det slik at dronninga kom sjøvegen til museet. Kystmuseet hadde for høvet rusta opp både landgang, trapp og rekkverk på kaia.
Innandørs var det toalettet som fekk ei overhaling før det storfine besøket.
Jubileumsgeneral Edvin Helgheim seier at han rekna med at Kystmuseet ønskjer å ha eit presentabelt toalett uansett kven som kjem.
- Eg veit ikkje om vi sa noko spesielt om dette på førehand, anna enn at vi rekna med at dei ville ha eit presentabelt toalett, seier han.
Museumsdirektør Høyvik på si side seier at ho trur dronninga uansett hadde greidd å bruke det gamle toalettet.
Partane er ikkje samde om kven som skal betale for oppussinga.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar