Natt til tysdag har tjuvar teke seg inn i barnehagen på Krokane i Florø.
Klokka 06.45 tysdag morgon fekk politiet melding om innbrot i Flora.
Det har i løpet av natta vore innbrot ved Krokane Barnehage. Det er førebels uklart om noko er bortteke. Politi er på veg til staden for undersøkingar, melder politiet i loggen.
Det var seltt ikkje noko gunstig situasjon for dei tilsette og borna i barnehagen morgonen tysdag. For å kunne sikre spor etter innbrotet måtte store delar av barnehagen sperrast av. Politibetjent Åmund Breivik gjekk i gang med å sikre spora frå innbrotet slik at barnehagen kunne nyttast igjen.
Mange dører inne i barnehagen var brote opp. Det er mest truleg at innbrotstjuven, eller tjuvane har teke seg inn gjennom ei dør på austsida ved hjelp av eit brekkjern.
Kva som er stole, og omfanget av innbrotet, vil ikkje politiet vidare inn på då det kan føre til ulemper for den vidare etterforskinga.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar