...
LEIKEPLASS: I 2000 vart det eksperimentert med disser på rådhusplassen i Florø, i regi av handelsstanden. Ein leikeplass i sentrum har lenge vore ønska, og no kjem det kanskje ein, i enden av gata, ved inngangen til tenestetorget på samfunnshuset. Foto: arkiv

Vil ha leikeplass ved samfunnshuset

På formannskapsmøtet i morgon får politikarane på bordet ein ekstrasak om snarleg etablering av leikeplass i Florø sentrum. DEBATT: Kva meiner du?

Publisert 30.08.2010 kl 20:43 Oppdatert 31.08.2010 kl 08:35

Tips ein venn på e-post:


Det blir no gjort framlegg om å utarbeide ein leikeplass vest for samfunnshuset, ved inngangen til tenestetorget. Og det kan skje fort.

– Ein slik møtestad, med fokus på barnefamiliar, vil vere med på å følgje opp stadanalysen, samstundes som det vil vere i tråd med mange ønskjer som har komme fram i arbeidet med sentrumsplanen, skriv prosjektleiar Rolf Bjarne Sund i saksutgreiinga til formannskapet.

Kva meiner du om saka? Sei meininga di i kommentarfeltet!

Leikeplassen er budsjettert til å koste 750 000 kroner. Framlegget politikarane skal vurdere i morgon, er om dei vil forskotere 400 000 kroner i spelemidlar til prosjektet.

Plassen er tenkt utforma i stein, støypt plast, og med tre og plantar.

Dersom det ikkje kjem mykje regn i september/oktober, så vil plassen bli ferdigstilt allereie i løpet av hausten.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Snipp, snapp, snute...

Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.