Førstkomande torsdag kveld går bøsseberarar frå Flora Røde Kors frå dør til dør for å samle inn pengar til flaumoffera i Pakistan.
– Flaumkatastrofen i Pakistan er nok meir alvorleg enn mange trur. Med tanke på alt det som er øydelagt som følgje av flaumen, kjem dei til å trenge mykje hjelp framover.
Det seier Harald Engevik i Flora Røde Kors.
For som følgje av flaumen er om lag to millionar hus øydelagde. Infrastruktur, primærnæringar, småindustri og helsetilbod lagt i grus. Om lag 20 millionar menneske er råka.
Pakistan er eit fattig land og det trengst ein internasjonal dugnad.
– Vi oppmodar difor alle som kan, om å ha pengar klar og gje når bøsseberarane våre kjem på døra, seier Engevik.
Bøsser kjem også til å bli plassert ut i butikkane og båtane til øyane, og butikken i Eikefjord og i Norddalsfjord.
Så langt har Røde Kors samla inn over 11,6 millionar til flaumofra. Bidraga er frå privatpersonar, næringsliv og små og store innsamlingsaksjonar landet rundt.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar