Elkem Bremanger kan i framtida komme på koreanske eigarar sine hender.
Dei sør-koreanske interessene har vist interesse for å kjøpe Elkem, og eigaren Orkla er i tingingar om eit eventuelt sal.
Konsernsjef Chung Joon-yang i den sørkoreanske stålprodusenten POSCO er mannen som har flagga interessa og vurderer å kjøpe Orkla-selskapet Elkem.
- Vi er i ei innledande fase, seier Joon-yang ifølge CNBC.
Elkem skal ha engasjert Moelis & Co , medan POSCO har hyra inn Citigroup til å vere med i prosessen, skriv Finansavisen.
Orkla fekk marknaden sin respons måndag i form av ein solid oppgang på Oslo Børs.
Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir
Nye kommentarar