...
Mange hadde møtt fram, då dei gamle ferdslestigane mellom bygdene vart opna på nytt i Norddalsfjord laurdag. Foto: David E. Antonsen

Opna dei gamle ferdslevegane

Mange hadde møtt fram i Norddal søndag, då dei gamle ferdslevegane mellom bygdene i Indre Flora vart opna på nytt.

David E. Antonsen E-post
Publisert 29.08.2010 kl 15:00 Oppdatert 29.08.2010 kl 15:36

Tips ein venn på e-post:

...
Anfinn Solheim (t.v.) fekk æra av å klippe snora under den offisielle opninga. T.h. Jostein Midtbø. Foto: David E. Antonsen

Sjølve markeringa gjekk føre seg på Notavollen, like nedanfor Norddal kyrkje i Norddalsfjorden. Og det var ein glad og stolt Jostein Midtbø som no kunne sjå attende på fem år med registrering, løypemerking og stigrydding. Eit arbeid som har ført fram til boka «Ferdslevegar i fjella mellom Norddalsfjord, Hyen og Eikefjord».

– Det å kunne gjenopne dei gamle stigane betyr veldig mykje for oss. Det er masse kulturhistorie i dei tråkka stigane som går mellom bygdene, seier Midtbø og understrekar:

– Denne historia må vi ikkje gløyme, av respekt for dei som har gått desse stigane, seier han.

Løypenettet som no går mellom Hyen og Norddal er på 40 kilometer. I alt har så mange som 40 til 50 personar delteke i ryddingsarbeidet.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Snipp, snapp, snute...

Motormagasin ...så var Outlander-eventyret ute. Siste Europa-produserte bil ruller av samlebåndet i år. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.