Pårørande reagerer på at mor deira vart flytta frå Furuhaugane bu- og servicesenter utan at dei vart informerte om det.
– Vi var på veg for å hente mor, då vi fann ut at ho hadde blitt køyrd i drosje til heimen sin i omsorgsbustadene i Eikefjord dagen i førevegen.
Eg jobbar sjølv på sjukeheim, og slikt gjer ein berre ikkje. Dei pårørande skal alltid informerast om flytting.
Det seier Kjellaug Svardal og søstera Ragnhild Svardal Nesje, opphavleg frå Svardal. Dei hadde nett lagt bak seg ein tre timar lang køyretur frå heimstaden sin i Stryn for å hente mor si i Florø.
.
– Om avtalen var at ho skulle køyrast med drosje på måndag, hadde det vore greitt. Men omsorgsenteret burde ha ringt oss på førehand og høyrt med oss, seier Kjellaug Svardal.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar