...
Bilete frå den stygge ulykka, der kranbil er i ferd med å fjerne ulykkesbilane. Foto: Jan Roar Hatlem

Misser førarkortet på livstid

Ein mann i 20-åra er dømd til seks månaders fengsel og tap av førarretten for alltid etter ei bilulukke på Grov.

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 25.08.2010 kl 10:12 Oppdatert 25.08.2010 kl 12:52

Tips ein venn på e-post:


Ulukka skjedde på Grov natt til torsdag 1. januar 2009.

I svært alkoholpåverka tilstand let føraren i byrjinga av 20-åra bilen gå over i motsett køyrebane, der den kolliderte med ein møtande bil.

Føraren av ulukkesbilen og dei to passasjerane i den møtande bilen vart alvorleg skadde i ulukka. Passasjeren i den møtande bilen fekk ved Haukeland universitetssjukehus påvist brot i ryggvirvelen, bekkenet og begge lårbein, i tillegg til knusingsskade i begge leggene og det venstre hælbeinet.

I retten seier passasjeren at ulukka og skadane har medført at evna hans til livsutfalding og livskvalitet er redusert. I tillegg slit han framleis med sterke smerter.

I Fjordane tingrett sa 20-åringen seg skuldig etter tiltalen. Dette fann retten som formildande. Retten fann det likevel skjerpande at mannen så seint som i 2005 vart dømd for å ha kollidert i alkoholpåverka tilstand, samt køyring utan førarkort. Aktor la difor ned påstand om at mannen skulle misse førarretten for alltid.

Dette var Fjordane tingrett samd i, og dømde mannen til å misse førarretten for alltid i tillegg til seks månaders fengsel, to av desse med atterhald og med ei prøvetid på to år. Mannen må også betale ei bot på 6000 kroner.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.