...

Rutebåt på grunn

I dag tidleg gjekk Fjord1 sin rutebåt "Vetlefjord" på grunn ved Tansøy i relativt stor fart.

Arve Olav Solbakken
Arve Solbakken Profil E-post
Publisert 13.08.2010 kl 08:20 Oppdatert 13.08.2010 kl 16:06

Tips ein venn på e-post:

BILDE: MS «Vetlefjord» gjekk på grunn

...

Foto: MMS / Henning Haugholt

Sjå bilete

Ut frå korleis båten står plassert, må den ha hatt god fart då den kom heilt ut av kurs og enda på tørre landet på Tansøy, øya sør om Askrova ved innseglinga til kaia på Askrova.

Hovudredningssentralen fekk melding om ulykka klokka 7.47. Eit mannskap på tre og fem passasjerar var ombord og ingen vart skadde. Hovudredningssentralen fekk melding om at båten ikkje trengde assistanse.

Passasjerane vart frakta til Florø med ein annan båtskyss i dag tidleg. Det er allereie sett inn ekstra båtrute som skal erstatte "Vetlefjord" på den søre ruta i florabassenget.

Fjord 1 har oppretta ei eiga gruppe som skal handtere situasjonen. Ifølgje Fjord 1 skal det ikkje vere fare for lekkasje frå båten, sjølv om det er registrert eit hol i ytre skrog på styrbord side på fartøyet.

Fjord 1 melder at dei vil trekkje båten av grunn ved 14-tida i dag, på flo sjø. Kva som er årsaka til grunnstøytinga er førebels uklart.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

300 har kjøpt den – usett

Motormagasin VW nye småbil starter på 123.400,- Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.