...
Kampingvognene frå 60-talet til gjengen frå Naustdal til høgre fekk mykje merksemd.

Veteranane overfylte Strandgata

Strandgata viste seg snart å verte for kort

Olav Hatlemark E-post
Publisert 07.08.2010 kl 17:39 Oppdatert 07.08.2010 kl 17:54

Tips ein venn på e-post:

BILDE: Folkeliv på Fjordsteam

...

Fjordsteam trakk mykje folk til Florø sentrum i helga. Alle foto: Olav Hatlemark

Sjå bilete

BILDE: Veteranbåtar på Fjordsteam

...

Under Fjorsteam 2010 var hamna i Florø fyllt til randa av både tilskodarar og gamle veteranskip. Alle foto: Olav Hatlemark

Sjå bilete

BILDE: Veteranbilar på Fjordsteam

...

Den 4. – 8. august er det Fjordsteam i Florø. Rundt 120 veteranbilar køyrde stolte gjennom sentrum laurdag. Alle foto: Olav Hatlemark

Sjå bilete

BILDE: Brannaksjon på Rådhusplassen

...

Den 4. – 8. august er det Fjordsteam i Florø. Laurdag viste erfarne brannfolk korleis ein redda folk ut frå brennande bygningar i gamle dagar. Ein lett skjelven rådmann vart redda ut frå øvste etasje. Alle foto: Olav Hatlemark

Sjå bilete

Strandgata viste seg snart å verte for kort då kortesjen med velhaldne og glinsande veteranbilar, kom sigande utover frå oppstillingsplassen ved Autoforum og skulle parkerast.

I følgje Sander Ødelien, lokal leiar for Fjordsteam- arrangementet talde dei opp nærare 120 køyrety under oppstillinga på Evja før dei sette i gang i halv elleve tida. Her var alt frå folkelege bobler til breie kromskinande amerikanarar til dei eldste Fordane og luksusbilar for sine årgangar. Endå fleire veteranar kom køyrande til seinare. Arrangørane måtte til med å improvisere for å løyse parkeringsutfordringa, og stille eit tjuetals langs Fugleskjærsgata for å få plass til alle. Nesten alle kom seg vel gjennom gata. Men ein vakker Jaguar måtte ha skubbehjelp for å komme seg over den vesle motbakken yst i Strandgata.

Alle let vel. Dette har vore ei fantastisk fin oppleving, sa Sissel Margrethe Rømslo frå Bergen veteranklubb, sjølv sekretær for laget og redaktør for medlemsbladet som har vore med på det meste i veteranbilmiljøet. Ho lova å skrive ei god skrytehistorie om opphaldet i Florø. Bergen Veteranbilklubb kom med 25 bilar. Dei budde standsmessing om bord i veteranskipet Stavanger.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

300 har kjøpt den – usett

Motormagasin VW nye småbil starter på 123.400,- Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.