...
Foto: Harald J. Stavang.

Gir viktig fødselshjelp til akvariet

FLORØ: Dei små familieigde oppdrettsbedriftane i har samla saman 375 000 kroner til byakvaritet i Florø. – Dette er heilt avgjerande for å komme i gang neste år, seier Monicha Landøy.

Arve Olav Solbakken
Arve Solbakken Profil E-post
Publisert 04.08.2010 kl 08:24 Oppdatert 04.08.2010 kl 12:40

Tips ein venn på e-post:

Dei 7 oppdrettarane er:

  • Marø Havbruk
  • Karstensen Fiskeoppdrett
  • Steinvik Fiskefarm
  • Svanøy Havbruk/ Skaar
  • Landøy Fiskeoppdrett
  • Flokenes Fiskefarm
  • Sandnes Fiskeoppdrett

Til neste sommer planlegg ho å setje opp eit akvarium i Florø. Eit «lite» byakvarium på 20 000 liter midt i sentrum, til glede for florøfolk og besøkjande.

– For meg var det eIt løft då Elin Tveit Sveen frå Marø Havbruk fortalte at ho og seks andre oppdrettarar hadde lyst å støtte meg. Det er kring sju år sidan ideen dukka opp. Målet var å finansiere det uten å ta opp lån. Det vi får av billettinntekter skal gå til å stelle akvariet og til å bygge utstillingar. Med denne støtta på kr 375 000,- nærmar vi oss fullfinansiering på vel 1,7 millioner, fortel Landøy.

Akvariet vil bli som ein stor dam med sandbotn og tareskog. Det vil innehalde eit stort mangfald av fisk og sjødyr.. Samstundes ønskjer Landøy å ha utstillingar og presentasjonar av ulike tema som havet, biologisk mangfald og til å fortelje om korleis havbruksnæringa brukar leppefisk til å halde oppdrettslaksen fri for lakselus.

– Både laks, lakselus og leppefisk er ein del av det naturlege biologiske mangfaldet. I akvariet skal vi ha fleire artar av leppefisk samt laks og sjøaure, fortel Landøy, som er glad for å ha lokale havbrukarar som støttespelarar.

Dei har kunnskapar om fiskehelse og vasskvalitet som ho kan dra nytte av.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.