...
Klar til dyst. Stephan Holand og Vincent Yndestad. Foto: Maiken Solbakken

Syklar gamle postvegen til Trondheim

FLORØ: Laurdag tok Stephan Holand og Vincent Yndestad båten til Bergen for å byrje eit 17 dagars langt eventyr. Dei skal følgje den gamle postruta på sykkel frå Bergen til Trondheim.

Maiken Aa. Solbakken E-post
Publisert 27.07.2010 kl 11:17 Oppdatert 27.07.2010 kl 11:18

Tips ein venn på e-post:


Laurdag byrja florøværingen Stephan Holand og stongfjordingen Vincent Yndestad ein sykkeltur på 700 km. Dei skal gjennom to og ei halv veke sykle «Trondhjemske Postvei» frå Bergen til Trondheim. Ruta vart sist brukt på midten av 1800 talet.

Førebuing

«Stephan manglar en felg på sin sykkel, og eg må sjekke om eg har nok luft i dekka og om giren fungerer. Alle ekspedisjonar med respekt for seg sjølv, har utfordringar i samband med utstyret,» skriv Vincent Yndestad på bloggen dagen før avreise.

Vestlendingane har vore i full sving med førebuinga dei siste vekene og dagen før avreise skrudde dei på sykkelutstyret til langt på natt.

Vil hjelpe andre

Gutane fann lite informasjon om Trondhjemske Postvei på nettet.

– Den magre informasjonen om ruta er litt av grunnen til at vi syklar denne vegen. Vi vil lage ei nettside andre kan bruke, fortel Stefan Aase.

–Målet er å dokumentere med bilete og tekst, og i ettertid ska vi sy det saman tilstrekkeleg, fortel Holand.

–Vi skal prøve å oppdatere undervegs då vi har tilgang til internettkafé og slikt, legg Vincent til.

Gutane fortel om mange interesserte som tek kontakt på internett. Men ikkje berre andre friluftsentusiastar.

– Vi har prøvd å få ein del sponsorar. Sidan vi ikkje hadde mykje utstyr frå før byrja Vincent å kontakte ulike produsentar, og vi har fått ein god del forskjellig, fortel Holand som er glad for at så mange vil støtte oppom ekspedisjonen.

Går nye vegar

– Kvifor Trondhjemske Postvei?

–Litt av tanken er at vi slepp å sykle på veldig trafikkerte vegar, sidan mykje av terrenget er stiar, landeveg og traktorveg, forklarar han.

– Vi har aldri sykla slike distansar før og går helst i fjellet, så det her blir ei ny oppleving, ler gutane.

«I løpet av åra har vi opparbeida oss ein del erfaring med å vandre i fjellheimen, sommer som vinter. Som vi alltid har sagt, eller i alle fall seier no: «Vi har fyrt nokre bål, og fått nokre fisk». Dette slår vi i bordet med ovanfor eventuelle skeptikarar.» står det skrive på bloggen til dei to gutane som no er i gang med å sykle Bergen-Trondheim.

Ferske syklistar

– Det er tøft å hive seg på ein slik sykkeltur utan tidlegare erfaring, er det ikkje?

– Haha, jo, det er det nok. Men vi snakka nok litt for høgt om planane våre i fjor og no er det for seint å snu. Når vi først har sagt det, så må vi gjennomføre, fortel Holand.

– Korleis vi skal komme oss heim att veit vi ikkje endå. Det blir nok hurtigruta eller buss, smiler Holand.

– Det blir fint å vere ferdig når syklane er heilt nedstøva og distansen er tilbakelagt med mange opplevingar i minneboka. Men no må vi først komme i gang, ler Holand.

BLOGGEN

www.trondhjemskepostvei.no

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.