Kring klokka 21.30 måndag kveld henta luftambulansen ut ein mann frå Hatlesetnipa. Mannen var lettare skadd etter eit fall.
Det var luftambulansen og ikkje redningshelikopteret, slik Firdaposten skreiv tidlegare, som henta ut mannen.
– Vi vart varsla halv ni og rykka ut til Hatleset. Ein time etterpå var mannen på legevakten i Førde.
Det seier flygar Bent Næss i Luftambulansen i Førde. Det var han som flaug helikopteret som henta ut mannen.
– Det var ingen dramatikk. Mannen hadde falle medan han var på tur i området, og skada seg i beinet. I og med at han låg ugunstig til i terrenget vart han floge ut med Luftambulansen. Nede med vegen hadde medisinsk mannskap byrja bevege seg opp i terrenget mot mannen, i tilfelle ikkje vi kom til, seier Næss.
Men dei kom til. Redningsmannen ombord fekk henta ut mannen.
– Det gjekk eigentleg veldig greitt. Medisinsk personell var nær staden, i tillegg var Røde Kors varsla. I ytterste konsekvens hadde Redningsskvadronen kunne hente han ut. Så, med redningshelikopterbasen i Florø er redningstenesta i området komplett, seier Næss.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar