...
KAMPSAK: Sosialistisk Ungdom Florø har gjort bruken av skuletid på konfirmasjonsundervisning til si kampsak. Frå venstre: Mona Eide Onstad (13), Even Eide Onstad (16), Jacob Kirkholt (16) og Ola Ulltveit-Moe (15). Foto: Maiken Solbakken

Til kamp mot favorisering

FLORØ: – Vi håper Fylkesmannen vil rydde opp i konfirmasjonsundervisninga og fjerne den frå skuletida, fortel nestleiar Even Eide Onstad i Sosialistisk Ungdom Florø om partiets nye kampsak.

Publisert 26.07.2010 kl 17:21 Oppdatert 26.07.2010 kl 17:25

Tips ein venn på e-post:


– SU Florø har sett konfirmasjonsundervisninga som kampsak framover, fortel Even Eide Onstad (16), nestleiar i organisasjonen.

Borgarleg syn

–Vi stiller oss bak Human-Etisk Forbund når dei melder saka til Fylkesmannen, forklarar han.

Partiet meiner at når den borgarlege konfirmasjonsundervisninga kan leggjast til kveldstid burde den kristne undervisninga kunne gjere det same.

Dei har alle konfirmert seg borgarleg og erfarte at skuletida ikkje vart nytta på ein effektiv måte.

– Alle har same moglegheit til å ha kveldsundervisning. Ein kan tilpasse tidspunkta slik at det passar seg øyingane sine båtruter, meiner dei.

Prosessen

Dei fire SU-arane ønskjer hovudsakleg å kritisere prosessen.

– Vi er klar over at kommunen har hatt høyringar med foreldre og elevar. Men inntrykket er at fleirtalet av dei spurde skal konfirmerast kristeleg. Vi meiner det blir feil å avgjere saka utifrå deira subjektive meiningar, forklarar nestleiaren på vegner av ungdommane.

SU likar ikkje at minoritetane vert overkøyrde av lokaldemokratiet:

– Det er urettvist. Konfirmasjon er ei privat sak og er ikkje noko som burde stele undervisningstid. Det fører til at nokon elevar sit att på skulen utan noko å gjere, forklarar nestleiar i SU Sogn og Fjordane Ola Ulltveit-Moe (15).

No håpar SU-ungdommen at Fylkesmannen vil ordne opp i saka.

–Vi håper fylkesmannen ikkje vil vere populistisk, men at dei vil bruke ekstra ressursar på å setje seg inn i alle sidene av saka, avsluttar nestleiar Onstad.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

SUV-suksessen blir helt ny

Motormagasin Her er det aller første bildet – kommer allerede i høst. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.