FLORA: Ausevikprosjektet ved helleristingane, som skulle sikre ny veg, parkeringsplass, sanitæranlegg, stiar og ramp, sprakk med ein halv million kroner.
Kanskje ikkje av dei heilt store overskridingane for eit prosjekt som var kalkulert til 7 millionar kroner.
-Vi fekk oss ei lita overrasking til slutt, som skuldast at det gjekk med meir masse til oppbygging av vegane enn det som først var berekna forklarer prosjektleiar for Flora kommune, Edvin Helgheim.
Kommunen og fylket har delt broderleg på utgiftene så langt, 3,5 millionar kroner på kvar. Flora kommune har bede fylket om å vere med og dele på sprekken og. Men må vente både på revisorgodkjenning og på politisk behandling før svaret er klart.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar