...
Foto: David E. Antonsen

Turlaget i vinden som aldri før

FLORØ: Florøfolk tykkjer tydelegvis ikkje om å sitje pal i sofakroken lenge om gongen. Berre siste månaden har Flora Turlag fått med seg heile 33 nye medlemmar.

Iris Kvellestad E-post
Publisert 19.07.2010 kl 16:34 Oppdatert 19.07.2010 kl 16:37

Tips ein venn på e-post:


Turlaget er no oppe i 420 medlemmar, så mange har dei aldri vore før.

Onsdagsturane som laget arrangerer, har vore særs populære. Laget har arrangert turar til nesten alle øyane utanfor Kystbyen. Dei turglade friluftsliventusiastane har inntatt Askrova, Svanøya, Skorpa, Batalden, Reksta og Kinn.

Turlaget har også tatt turen til Haukånipa, Klauvekeipen, Strandanipa og Eikefjordstølen.

Førre veke var over 40 turgjengarar med på turane til både Kinn og Snøfilefjellet. Neste tur finn stad på søndag 25 juli, og går til Hornelen.

Turlaget skryt av at dei har eit tilbod til folk i alle aldrar. Alt ifrå born og ungdommar, til 80-åringar, er med på turane. Det finst også eit eige Barnas Turlag, som både har eigne turar og er med på fellesturane.

For å kunne oppretthalde all aktiviteten treng laget fleire turleiarar og arrangerer difor kurs frå 11. til 12. september.

Turlaget driver også ei alternativ form for rekruttering. Av seks styremedlemmer, har tre fått baby dei siste ni månadene...

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.