Norsk Jeger og fiskeforbund NJFF, fortel i ei pressemelding, at forskarar frarår vidare vekst i laksefiskeoppdrettsnæringa på Vestlandet.
NJFF viser blant anna til ei undersøking Havforskningsinstituttet (HI), utførde på slutten av 90-talet. Undersøkinga tok for seg lakselus på utvandra laks frå Sognefjorden. Meir enn 86 prosent av den utvandra smolten kan, i følgje HI, ha døydd på grunn av lakselus. Av Nordfjordssmolten kan mellom 48 og 51 prosent ha døydd på grunn av lakselus.
Fleire oppdrettsanlegg i Norge, har, i følgje NJFF, opplevd auka i førekomsten av lakselus som er resistente mot kjemoterapeutiske midlar.
NJFF meiner at statsapparatet behandlar søknader om utviding av oppdrett, for fragmentert. I følgje organisasjonen er det ulike instansar som tek for seg ulike delar av søknaden. Fylkeskommunen gjev produksjonsløyve og konsesjonar, fylkesmannen gjev utsleppsløyve, mattilsynet vurderar fiskehelseproblematikken, Fiskeri og Kystdepartementet administrerer heilskapen.
Denne fragmenterte forvaltinga meiner NJFF fører til at eit økologisk heilskapssyn ikkje får gjennomslag.
I følgje NJFF, gjer kommunane altfor lett dispensasjon til å sleppe til ny aktivitet. Dei er, i følgje NJFF, motivert ut ifrå ønskje om å skape nye arbeidsplassar. Dermed meiner organisasjonen at dei ofte tek avgjerdene på sviktande grunnlag.
NJFF meiner at ei ytterlegare auke i oppdrettsproduksjon er utoleleg. Organisasjonen trur at om aktiviteten aukar ytterlegare, vil det føre til at smolten frå elvane i Sogn og Fjordane får enda vanskeligare levekår.
Veterinærinstituttet, Norske lakseelver og NJFF har gått saman om ein felles innsats for å kartleggje luseforekomstane. Dei ber sportsfiskarar om å registrere talet på lus og fangst av oppdrettslaks ved å sende ein sms/mms merka 0-FISK til 03475.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar