Har du gode bilder av slike damer?

I så fall kan du bli kalendarfotograf.

Publisert 30.06.2010 kl 16:23 Oppdatert 30.06.2010 kl 17:04

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Olav Hatlemark
...
KOKKEN MED RÅVARENE: Meisterkokk og tidlegare Bagatelle-drivar Øyvind Hellstrøm. Her fotografert saman med ein av dei fastbuande på Svanøy. Fotograf er Per Klaesson, som har sagt ja til å bidra til neste års hjortekalender. No har du også sjansen, om du har gode bilete liggjande. Foto: Per Klaesson

Hjortekalenderen frå Svanøy har blitt ein viktig merkevarebyggjar både for hjortesenteret, Svanøy og Flora dei fem-seks åra den har eksistert.

I år gjer hjortesenterleiar Johan Trygve Solheim ein spesiell vri i forkant av neste års kalenderprosjekt

Han har utfordra leiande naturfotografar til å sende inn sine favorittbilete til kalenderen. Og no held han også døra på gløtt for andre fotografar, anten dei er proffar eller amatørar:

- Vi ønskjer å setje av to eller tre sider av kalenderen og bruke dei beste innsende bileta der. No er det berre å gå i arkivet og leite fram blinkskota, oppmodar han.

Men blodige slakt og oppstilte skrytebilete er ikkje det Solheim er på jakt etter.

- Det kan vere bilete av hjortedyr i skogen, spennande jaktsituasjonar eller miljøbilete med ei historie bak. Men hjort eller hjortejakt må sjølvsagt vere sentralt, og filene må vere store og høgoppløyste, forklarar fotografen og kalendersjefen.

- Vi har sett frist til 1. august til innsending av bilete. Bidraga kan du sende til johan@svanoy.com, og du må leggje med ein kort bilettekst som fortel litt om bakgrunnen for blinkskotet og kven som deltek.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Rystet over bom-press

Motormagasin Ordfører Kjell Joar Petersen-Øverleir er rystet over beskyldningene om at lokalpolitikere som sier nei til bompenger, setter liv og helse i fare. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.