...
Florarussen 2010 overrekte 20.000 kroner til Leger uten grenser på Havglytt onsdag. F.v.: Jo-Christian Clausen Nødset, Ragnar Børsheim, russepresident Ida Ellingsund, Mathias Stang, Thor Endre Førde og Helle Løken. Foto: Hanne Dale

Har gitt 30.000 til velgjerd

Florørussen 2010 har gjeve 30.000 kroner totalt til gode føremål. Onsdag overrekte ungdommen ein sjekk på 20.000 til Leger uten grenser.

David E. Antonsen
David E. Antonsen Profil E-post
Publisert 18.06.2010 kl 15:25 Oppdatert 18.06.2010 kl 15:25

Tips ein venn på e-post:


Etter russerevyen 29. januar i år gav Florarussen 10.000 kroner til Røde Kors sitt engasjement i Haiti. 17. mai gav dei 2000 kroner til AltJul. No har dei gjort det igjen: Onsdag kunne Florarussen overrekke ein sjekk på 20.000 kroner til Leger uten grenser. Dette er overskotet etter russetreffet Chickelacke.

– Russetida har vore mykje fest og moro, men samstundes er vi seriøse personar. No håper vi berre at neste års russ kjem til å følgje opp med like mykje velgjerd og like flotte arrangement, seier Mathias Stang i russestyret og understrekar at russetida for russen 2010 ikkje har vore berre leik og moro.

– Gjer inntrykk

Sjekken på 20.000 kroner vart overlevert Ragnar Børsheim i Leger uten grenser onsdag.

– 20.000 er masse pengar, seier ein takksam Børsheim og legg til:

– Det er flott at unge folk bryr seg, og at dei har eit internasjonalt perspektiv og solidaritet. Det gjer inntrykk, seier legen.

Dei 20.000 kronene skal gå til Leger uten grenser sitt arbeid i Afghanistan.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.