FLORØ: Dei er tekne ut i streik, men i går kjende SFO-assistentane ved Florø barneskole seg ekstra provoserte over å bli nekta blåtur av skuleleiinga.
Fagforbundet har varsla at dei har teke ut alle sine 18 medlemmar ved SFO ved Florø barneskule til streik frå onsdag av.
Med 18 av 24 tilsette må skulen stenge SFO frå onsdag av om ikkje streiken skulle bli bluesen av. Tilbodet er av dei som vert mest råka av streiken i Florø. I tillegg må truleg Havhesten og barnehagen på Torvmyrane stenge, kanskje også barnehagen på Havreneset, når streiken i Florø no er varsla utvida med endå 145 medlemmar.
Men også arrangementa i Flora samfunnshus kan komme til å bli råka. I hovudsak har Fagforbundet teke ut assistentar i skular, SFO og barnehagar, reinhaldet, merkantile funksjonar og hamna. Til saman kan nærare 200 tilsette i Flora kommune frå onsdag av.
To lappar
Men i går var SFO-folket ved Florø barneskule mest opptekne av kommunen hadde nekta dei å vere med på den lenge planlagde båtturen som skulle vere førstkomande fredag. Inspektør Venche Standal Byrkjeland hadde formidla beskjeden som sette fyr i SFO-gjengen.
– I dag låg der to lappar til oss. Den eine sa at vi skulle varsle foreldra om at SFO kan bli stengd, den andre at vi ikkje får vere med på fredagens blåtur, Første tanken min er at dette er barnsleg, seier tillitsvalde Anne Rigmor Gjertsen.
– Blåtur er noko vi har i fritida vår. Det er ikkje noko vi får betaling for. Det er eit sosialt tiltak som skal sveise oss saman med lærarane i skulen, Når vi får slike reaksjonar skaper det tvert imot større avstand. No kjenner vi oss skikkeleg provoserte supplerer Paula Midtbø.
Kamel
– Eg kan vere med på å svelgje nokre kamelar. Men denne vert for stor også for meg, skyt Heidi Heimset til.
Inspektør Venche Standal Byrkjeland, viser til at SFO kan komme til å vere i streik frå onsdag. Arbeidsgjevaren er inne og sponsar og arrangerer blåturen. Då har vi fått beskjed frå personalsjefen Trond Ramstad Olsen at dei som er i streik ikkje skal vere med på blåtur. Tilsvarande gjeld også andre som er i streik, forklarer inspektøren.
Motormagasin Ordfører Kjell Joar Petersen-Øverleir er rystet over beskyldningene om at lokalpolitikere som sier nei til bompenger, setter liv og helse i fare. Les meir
Nye kommentarar