Klokka 10.00 på 150 års dagen til Florø 16. mai 2010 kalla rådmann Terje Heggheim Flora bystyre inn til protokollsignering og fotografering.
Det var ei høgtidleg ramme kring markeringa i bystyresalen på Flora Samfunnshus søndag. Bystyremedlemmene stilte i finstasen som seg hør og bør på ein slik historisk dag. Ordførar Bente Frøyen Steindal gjorde opprop av medlemmene. Så opna ho protokollen ved å føre namnetrekket sitt i det historiske dokumentet. Deretter signerte alle dei folkevalde representantane seg i protokollen. Etter dette var det dags for fotografering kor byfotografen Egil Årdal foreviga bystyret på 150 års dagen.
Florø sin vennskapskommune i Litauen gjennom elleve år, Kelme, var topptungt representert. Både ordførar Kostas Arvasevicius og rådmann Algis Kazlauskas var på plass og signerte protokollen. Representantane i frå Litauen er invitert av Flora kommune for å vere med på festen denne helga.
Motormagasin Nye avgifter har liten virkning så langt. Se hvilke biler som selger mest akkurat nå. Les meir
Nye kommentarar