Sparebanken Sogn og Fjordane sjokkerte feststemde florøværingar i går. No gir dei ein av parkskulpturane i gåve til Florø by - og du kan bestemme kven av dei.
| Svend Arne Vee | |
| Publisert 16.05.2010 kl 09:54 Oppdatert 17.05.2010 kl 16:25 |
Under jubileumsmiddagen i samfunnshuset laurdag kveld gjekk det eit brus gjennom salen då banksjef Arvid Andenæs i Sparebanken Sogn og Fjordane tok ordet. Frå podiet slo han fast at ein av dei 18 skulpturane som no står utstillt i parken, skal bli verande att i Florø for all tid.
- Vi fann ut at dette ville vere den rette jubileumsgåva frå oss i Sparebanken Sogn og Fjordane. No blir det opp til florøværingane å bestemme kven av skulpturane vi skal kjøpe og avrøystinga har vi alliert oss med Firdaposten for å gjennomføre, sa Andenæs, som fekk ståande applaus for den rause gåva.
Det betyr at dei komande vekene kan florøfolk bruke firdaposten.no som avrøystingsverktøy. Her ligg ute bilete og informasjon om skulpturane, samt ei avrøysting der ein kan stemme på sin favorittskulptur.
Kunstverka som er stillte ut har stor spennvidde i pris. Den mest rimelege har ein prislapp på rundt 80.000 kroner, den dyraste godt over 300.000.
Det var ein svært glad kultursjef Anita Solbakken, som saman med ordførar Bente Frøyen Steindal takka for gåva.
- Held middagen fram på denne måten, så ønskjer eg at den aldri tek slutt, sa Solbakken.
Har butikkane i Florø dårleg service og for lite vareutval, eller er utvalet dårleg fordi florøfolk ikkje handlar lokalt? Debatten går på Firdaposten.no!
Les meir og delta i debatten!Kampstart om:
Motormagasin Å eie bil kan bli dyrt og kan by på bekymringer. Derfor velger mange leasing. Men hva lønner seg egentlig – eie eller leie bil? Les meir
På Firdaposten.no kan du følgje skipstrafikken i ytre Sunnfjord.
Sjå skipstrafikken LIVE her!Kampen om arealet 23.08.2010 - 18:40
Nye kommentarar