...
ALLSONG: Med store plakatar som synte refrenget var Florøfolket med på notane. Foto: Dag Nesbø Frøyen

1000 song shanty's på Torget

Med låg sol og 1000 jublande menneske samla på torget, fekk Florø ein perfekt start på jubileumshelga.

- Det er godt å vere i gang, fortalde jubileumsgeneral Edvin Helgheim blant smilande Florøværingar i alle aldrar.

Dag Frøyen
Dag Frøyen Profil E-post
Publisert 14.05.2010 kl 22:56 Oppdatert 15.05.2010 kl 00:06

Tips ein venn på e-post:

...
STEMNING: Kring 1000 menneske var samla på torget fredag kveld for å få med seg konserten med Storm Shanty Choir.

BILDE: Byfesten i gang

...

Med ei rigga Svanhild inn ei solbada Florøvik starta byfesten fredag kveld. Storm Weather Shanty Choir leverte stemning på torget der 1000 tilhøyrara kom og høyrde på. Foto: Dag Nesbø Frøyen

Sjå bildene her

Helgheim kunne fortelle at jubileet har vore planlagt i 2 år. Og sjølve festen i byjubileet starta i det Florø sin eigen Galeas, Svanhild, seig inn Florøvika med ein gjeng festlege Stordabuer ombord. Vestlandsrevyen sende direkte frå seilskutefesten og ved kai var det sett opp telt. Her vart det servert forfriskningar, sild og betasuppe til hundrevis av folk i jubileumsstemning. Det var sjølvsagt open skute for dei som ville ombord i den stolte Florø-skuta.

Innfridde

Storm Weather Shanty Choir gjorde heller ikkje skam på sitt gode rykte som live-band. Dei mønstra av skuta spelte for over 1000 tilhøyrarar i alle aldrar på torget. Dei fekk jamvel skubba unna den trauste Sunnfjordingen i publikum og lokka fram den festlege Florøværingen med allsang og trampeklapp.

Allsong

Litt opplæring i ramsalt sjømannsviser tok dei romslege Stordabuene seg tid til. Dei viste store plakatar med refrenga til songane for publikum. Men på avslutningsnummeret "Drunkin sailor" var publikum med utan støtte. Ut frå responsen skulle vi tru mange av dei 1000 på torget nok ville sikre seg ein billett til Haavebua og oppleve Shanty gjengen i meir intime omgjevnader laurdagen.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.