Eit par timar forsinka la det Bahamas-registrerte Cruiseskipet «Braemar» til kai i Florø på Kristi Himmelfartsdag, og nær 900 passasjerer sette sitt preg på bybildet dei neste timane. Dette er det andre av i alt tolv cruiseanløp i sommar.
«Braemar» ruva godt vest på Fugeskjærskaia, med sine nær 196 meter og 24.344 tonn brutto er skipet det nest største av dei i alt 12 anløpa som kjem til jubileumsbyen i år. Skipet er eigd av Braemar Cruise Ltd og operert av Fred.Olsen Cruise Lines.
Fartøyet har med seg 895 passasjerar på turen og dei viste godt igjen i Florøgatene der mange av dei som ikkje blei med på nokre av dei organiserte utfluktene nytta høvet til ein spasertur i det vakre vårveret.
Og Florø imponerte mange av dei reisande.
-Fantastisk vakkert, så reint, ryddig og fredelig. Eg er rett og slett imponert, var nokre av dei rosande orda som kom frå Ted Hillmann. Saman med kona Margaret er han på sin første Norgestur, og utelukkar ikkje at han kjem tilbake. - Det veit ein no aldri, men eg har alltid hatt lyst til å sjå Norge og dette var ein fantastisk start, fortel han og legg til at dette er deira første tur med ein cruisebåt.
Norman Waterfall, som i likheit med ekteparet Hillmann kjem frå North Wales, har vore på cruise fleire gonger tidlegare men lot seg også imponere over kystbyen. - Eg er samd med dei andre, det er verkelig vakkert her. Og folk er så smilande og vennlige, og ikkje minst er bilistane mykje høfligare enn det vi er van med.
Skipet skal etter besøket i Florø vidare til Geiranger, Olden, Flåm og Bergen før turen går tilbake til Dover i England. Eit slikt cruise tek ni døgn.
Motormagasin Ordfører Kjell Joar Petersen-Øverleir er rystet over beskyldningene om at lokalpolitikere som sier nei til bompenger, setter liv og helse i fare. Les meir
Nye kommentarar