Kommunestyret i Bremanger krev at det blir sett inn ei ferje med passasjersalong over bildekk i sambandet Smørhamn-Kjelkenes.
"Førdefjord" som trafikkerer dette sambandet i dag er ei lukka ferje, med salong både under og over bildekk.
Den har ein kapasitet på 24 personbilar, men Statens Vegvesen har sett krav om at ferja i sambandet skal minst ha kapasitet til å ta 25 personbileiningar.
I den samanheng har ferja "Dalsfjord" blitt trekt fram som eit alternativ på strekninga, noko som har vekt sterke reaksjonar hjå brukarane.
"Dalsfjord" er ei opa ferje med salong under dekk, og som er godkjend for 25 personbilar.
– Salong under dekk og opa ferje er eit stort tilbakesteg for alle som brukar ferja, det kan vi ikkje finne oss i.
Då er det betre å bruke den ferja som er i dag, meinte Einar Kjerpeset (Sp) då saka vart referert i kommunestyremøtet i mars.
Nye kommentarar