Jomentum kan notere seg for nok ei strålande forestilling, men publikumsoppmøtet var litt skuffande.
- Dei kunne gjerne ha vore fleire, men dei som kom utgjorde eit strålande publikum, var den umiddelbare kommentaren frå Siv Førde etter at den tredje og siste i rekka av musikalen "Kjærlighet og musikk i paviljongen" vart framsynt i kinosalen laurdag kveld. For salen var berre drygt halvfull, noko som betyr at totalt 7-800 menneske har fått med seg musikalen.
- Det gjev oss nokre kroner i overskot som vi skal nytte til bygginga av paviljongen ved Likkjevatnet, men i den store samanhengen vil ikkje det bidra så mykje sidan det kostar ein del å sette opp forestillingane. Bygginga er så vidt komt i gang, men vart hefta ein del pga streiken i bygningsbransjen denne veka, fortalde ho vidare, letta og tilsynelatande litt utladda etter at den siste av forestillingane var vel i havn.
Musikalen hadde fortent eit større publikum. Vi fekk eit godt innblikk i korleis livet og dei talrike aktivitetane ved den gamle paviljongen kan ha utarta seg. Både gjennom barneleikar, konsertar, dans, fest og moro, men og gjennom dei harde krigsåra. Her møttes dei to hovedfigurane, Malene og Per, i Kristine Orre og Bård Melvær sine skikkelsar. Det var ved paviljongen at Per fridde og Malene fekk sin prins. Men det var og der Per fekk høyre historiene til sjømannen som lokka han ut i den store verda. Ei reise han ikkje kom heim frå før han som aldranda mann fekk brev frå sitt eige barnebarn, og som førte musikalen inn i det storslagne avslutningsnummeret.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar