FRAMLEIS I LONDON: Floraordførar Bente Frøyen Steindal og ein stor SFE-delegasjon sit fast i London som følgje av stoggen i flytrafikken.
Foto: Olav Hatlemark

Sit oskefast i London

- Eg får bruke tida til å forbetre engelsken min, seier Flora-ordføraren.

Publisert 16.04.2010 kl 09:15 Oppdatert 16.04.2010 kl 09:24

Tips ein venn på e-post:


Floraordførar Bente Frøyen Steindal har fått merke nedstenginga av den europeiske flytrafikken på kroppen. Ho er ein del av ein 13-personar stor delegasjon frå Sogn og Fjordane Energi som har delteke på Energi Norge AS sin vinterkonferanse, som i år var lagt til den engelske hovudstaden. Der har dei vore sidan onsdag. Men når heimreisa kan ta til, er uklart.

- Det er heilt i det blå når vi kjem oss heim. Eg veit somme har sjekka ut moglegheitene for å leige bil og ta seg heim landevegen via Frankrike, men det kjem eg ikkje til å gjere. Faktisk har vi hatt meir enn nok med å sikre oss tak over hovudet. Trykket på hotella her borte er formidabelt, slik stoda har blitt, seier Steindal til Firdaposten per telefon.

Ho håpar likevel sterkt på å kome seg heim i løpet av helga.

- Om eg framleis sit her borte måndag, er det mykje i timeplanen som kludrar seg til. Eg har rett nok med meg berbar PC, så noko kan eg jo få utført, men langt frå nok, konstaterer ho.

På spørsmål om kva ho skal bruke dei ekstra dagane i London til, svarar ho slik:

- Eg har jo fått mykje kritikk for den skrale engelsken min, så eg kan jo bruke litt tid på å gjere den betre, humrar ordføraren.

- Eg har dessutan allereie fått eit humoristisk tilbod om å sende bort Øyservice for å hente meg. Men eg har høfleg takka nei.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Diesel regjerer fortsatt

Motormagasin Nye avgifter har liten virkning så langt. Se hvilke biler som selger mest akkurat nå. Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.