Politiet kom på døra til Simon og faren onsdag morgon.
Eritreiske Simon (10) og faren Fkadu vart onsdag morgon transportert vekk frå Florø. BILDE: Simon vert henta
Politiet troppa opp heime hos dei på morgonen, med beskjed om at dei to ville bli sendt til Oslo med 10.10-flyet frå Florø.
Dei vart tekne med direkte til politistasjonen, og måtte vente der til flyet gjekk.
Fkadu og leiar i støttegruppa for Simon, Kåre Leif Hollevik, reagerer på at uttransporten kjem før dei nye opplysningane som har kome fram er vurdert.
Som Firdaposten skreiv tysdag har Hollevik skaffa til veie dokumentasjon på at Fkadu og Simon har teke kontakt med italienske myndigheiter, utan å få noko hjelp.
Ein reportasje om dei to frå italiensk TV skal stadfeste dette.
Fidaposten følgjer saka.
Meir om Simon-saka:
VIDEO: Aksjon for barn på flukt
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar