...
ITALIENSKE DOKUMENT: Kåre-Leif Hollevik viser fram dokumenta som skal sendast over til UDI og UNE. Foto: Olav Hatlemark.

Kappløp med tida

Støttegruppa for Simon har skaffa seg dokumentasjon frå Italia på at far Fkadu tok kontakt for å få hjelp i byen Bari utan å få tilbod om husrom og tilbod elles.

Publisert 12.04.2010 kl 19:34 Oppdatert 12.04.2010 kl 20:46

Tips ein venn på e-post:


Kåre Leif Hollevik og støttegruppa til Simon ønskjer å få fram alle relevante opplysningar om korleis italienske myndigheter ikkje har teke vare på eit barn sine rettar i høve til barnekonvensjonen.

Dei har fått fatt i offisielle italienske dokument som skal stadfeste at far til Simon første september 2009 tok kontakt med ARCI, som er eit prosjekt for å ivareta asylantar sine interesser under Bari kommune.

Han fekk ikkje hjelp på grunn av manglande opphaldsløyve. Støttegruppa har også fått tak i dokument som syner at Fkadu dei fem månadene dei budde på søppelplassen utanfor Roma vart registrerte hos immigrasjonsmyndighetane i Roma.

– Hausten 2007 laga italiensk TV ein reportasje om flyktningesituasjonen i Italia. Her vart det gjort ei balansert framstilling av flyktningar si integrering i Italia. I eit klipp vert Fkadu intervjua av italiensk tv om korleis livet er for han som åleinefar for Simon på ein søppelplass.

Støttegruppa har fått tak i reportasjen. Dokumentaren syner kva Fkadu og sonen måtte ta til takke med, fortel Kåre Leif Hollevik.

VIDEO FRÅ ITALIENSK TV

Fkadu og faren kan bli sendt ut av landet kor tid som helst. UDI har ikkje teke omsyn til begjæringa om utsett iverksetjing av vedtaket.

– Støttegruppa for Simon ber om at Utlendingsnemda lar Simon og faren tre fram for nemda slik at heilskapen i denne saka kjem fram.

Så lenge UDI definerer dei som «Dubliners», er faren stor for at nemdleiar åleine fattar eit vedtak.

Denne saka syner at rettsvernet til eit barn ikkje vert ivareteke av byråkratiet i UDI. UNE skal vere ein garanti for dette rettsvernet, seier Hollevik

– UDI seier at dei har tausheitsbelagt info dersom advokaten til Fkadu og Simon opnar for det?

– Vi har samtykka til at UDI kan få legge fram alt dei har av dokumentasjon. Det er inga hindring, understrekar Hollevik.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.