...
I FOTOBUTIKKEN: Her ser vi fotografmeister Malvin Horne under ein lunsj i fotobutikken. Til venstre Marie Horne som tok over Hornearkivet etter at Malvin N. Horne døydde i 1962 berre 58 år gamal. Til høgre ser vi Ingrid Bjerknes som jobba mange år i butikken.

150 på plass då Horneutstillinga opna

Hornearkivet er den viktigaste dokumentasjonen for sildetida i Florø. Fredag opna jubileumsutstillinga på Kystmuseet der folk stod som sild i tønne.

Dag Frøyen
Dag Frøyen Profil E-post
Publisert 21.03.2010 kl 12:03 Oppdatert 21.03.2010 kl 12:12

Tips ein venn på e-post:

...
Her er etterkommarane etter fotografmeister Malvin Horne. Frå venstre Elsa, Wenche, Myrtell og Malvin. Jentene har her på seg Florødrakta som vart nytta av mange i 1960 då Florø feira 100 års jubileum som by. Foto: Malvin N. Horne
...
FAMILIEN I DAG: Etterkommarane etter Malvin N. Horne. Bak frå venstre: Myrtell, Elsa og Malvin. Midten frå venstre: Birte og Trine (døtrene til Malvin) og framme frå venstre Anna og Marie (døtrene til Myrtell) og Wenche den fjerde av døtrene som var reist til Florø i samband med jubileumsutstillinga. Ho bur i Oslo. Foto: Dag Nesbø Frøyen

BILDE: Bildeskatt frå Hornearkivet

...

Fotografmester Malvin Horne dreiv fotoforretning i Florø frå 1929 til 1962. No er nokre av bilda frå arkivet, som består av vel 20.000 negativar, utstilt på Kystmuseet.

Sjå eit utval av bildene her

Det var omlag 150 menneske til stades då den andre av i alt fire fotografar vart presentert ved Kystmuseet i Sogn og Fjordane fredag. Og 150 i foayeen på Kystmuseet betyr at folk stod som sild i tønne. Såleis skulle talet besøkande og trengselen både treffe 150-års jubileet og tema fotografen har fanga: Sildetida i Florø.

Samla familien

Etterkommarane til fotografen Malvin N. Horne var alle på plass. Yngstemann, med same namn som fotografmeisteren, tala på vegner av familien før utstillinga vart opna. Familien har no gitt heile arkivet som ei testamentarisk gåve til fylkesarkivet. Hornearkivet er den viktigaste dokumentasjonen vi har på gamle Florø og framfor alt sildetida byen er tufta på. Difor kan vi kanskje seie at arkivet med 20.000 negativ i form av film og glasplater har fanga "Florøsjela".

Fargerik skildring

Tidlegare rektor på gymnaset, lokalhistorikar og sildegut, Bjarte Sindre, vart invitert for å fortelle om korleis det var å vere gutunge den gongen då Florø tok verdsrekordar i fiskefangst.

Han leverte ei poengtert, fargerik og morosam skildring om sine dagar som gutunge i sildetida. Dette sette publikum inn i tida fotografmeister Malvin Horne hadde fanga i linsa si. Fotoutstillinga vil stå på Kystmuseet utover våren og familien skal no trykke opp ein del bilder i frå arkivet dei vil legge ut for sal.

Mest lest på Firdaposten.no:



Debatt




Les siste Firdaposten


...

Elektronisk avis

Problem med å lese avisa? Kontakt abonnement@firdaposten.no

Les E-avisa her!

...
...

Unngå kuldesjokk

Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir


SKIPSTRAFIKK


Lesarane sine bilde frå fp.origo.no


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.