Helga skal brukast til å kartlegge kor alvorleg situasjonen er for hjortestamma vår.
Fredag blei det rapportert om funn av seks daude hjortar i eit lite område i Botnane. I tillegg kjem seks andre dyr som anten er funne daude eller har måtta avlivast fordi dei er i dårleg forfatning.
I helga skal fagleiar skog, Bjørn Martinussen i samarbeid med ettersøksringen søke i Botnane-området for å kartlegge situasjonen betre.
- Dersom det som er funne til no berre er toppen av isfjellet - og det kan det fort vere - så er stoda alvorleg, seier Martinussen til Firdaposten.
Mykje tyder på at dyra som til no er funne daude, har bukka under på grunn av matmangel.
Og det er no i mars-april som er den mest kritiske perioden, meiner Martinussen, som oppmodar folk om å varsle funn av daude dyr.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar