Fredag fall Utlendingsdirektoratet si avgjerd; Simon (10) og faren Fkadu si asylsak vert handsama etter Dublin-konvensjonen. Dei må med andre ord vende attende til eit liv i Italia, landet dei først kom til.
Det stadfestar Simon og Fkadu Taye sin advokat, Roland Kjeldahl. Han reagerer sterkt på vedtaket.
– I praksis er dette vedtaket det same som eit negativt svar på asylsøknaden. Eg synest denne avgjerda er noko tull. UDI burde så absolutt leggje meir vekt på barnet sitt beste enn dei har gjort hittil, seier Kjeldahl.
Han sende fredag ein mellombels klage på UDI si avgjerd, og arbeider no med ein utfyllande klage med grunngjeving. Klagen skal med tid og stunder handsamast av Utlendingsnemnda (UNE).
UDI ser bort frå støtta
Engasjementet var stort då den gong ni år gamle Simon og faren vart henta av politiet og sett på eit fly til Italia onsdag 26. august i fjor. I Italia, landet dei søkte asyl i først, levde dei under open himmel i ein park. Italia har fleire gonger fått kritikk for si handsaming av asylsøkjarar. Dette fekk folk i Florø til å reagere.
Fleire parti engasjerte seg. Støttegruppa for Simon har arrangert fakkeltog. Kvar dag medan Simon og faren var i Italia, tende representantar frå støttegruppa lys på torget i Florø. 400 stilte opp og laga ei menneskeleg kjede kring Likkjeåsen. I tillegg har fleire sentrale politikarar engasjert seg.
Men alt dette engasjementet har ikkje gjort særleg inntrykk på UDI, seier advokat Kjeldahl.
– I høve asylsaka har dette null relevans. Då er det utelukkande tilhøva i heimlandet som UDI legg vekt på, seier han.
Motormagasin Kulden biter skikkelig fra seg om dagen, og du er sikkert kledd for frosten. Men husker du å ta vare på bilen? Les meir
Nye kommentarar